fredag 26. februar 2010

Skoletur til Tromsø Museum


Tysdag 2. februar drog 9 og 10 klasse ved Ekrehagen skule til Tromsø museum for å lære meir om samane som urbefolkning. Klassen fikk til saman to timer på museet. Denne uka var det nemleg sameuke på alle skoler i Noreg. Dette betyr at alle skoler i Noreg har samar i fokus og skal lære meir om denne urbefalkninga.


Mot slutten av skuledagen tok elevane buss til museet. Når dei ankom møtte dei ei dame som heite Mariann. Hennes oppgåve gjekk ut på å lære elevane om elvesamane. Hun begynte med å fortelje om korleis samane lever og kva dei lever av. Så fortsette ho med å fortelje om korleis dei fiska før i tida og korleis det har utvikla seg gjennom åra. Til slutt viste ho dei ein video av folk som fiska, dette var veldig lærerikt for elevane og sjå på. Etter at Mariann var ferdig med å fortelje om elvesamane fikk elevane gå litt fritt rundt å sjå seg rundt på museet.

Eg møtte ein forbipasserande elev som var med på musebesøket. Intervjuobjektet valte å opptre anonymt, men svarte med glede på spørsmåla vi stilte. ”Det var veldig lærerikt å være på museet. Vi lærte masse om sjøsamane og eg synast at det var kjempe interessant. Eg elskar å være på museum, det er så spennande å gå rundt å sjå på utstillingar, spesielt om samane”. Noen andre vi spurte synast at museum blei for kjedeleg. Han synast det var for A4 og heldt på å sovne mens undervisninga om samane forgjekk. Dette ser saken frå to heilt forskjellege sider og viser bare at elevane reagerte forskjelleg på undervisninga om elvesamane.

Tromsø museum er en stor turistattraksjon i Tromsø. Her kan folk komme å sjå på utstillingar og lese om samane, lære om dyr i Nord-Noreg, dei kan sjå på steinar frå urtida og kjøpe suvenirar. Mange av elevane ved Ekrehagen skule hadde vært der før. Men man får aldri nok av museer. Innhaldet endrar seg stadig vekk og det er alltid nye utstillingar. Elevane satt igjen med ein lærerik skuledag. Dei aller fleste syntes nok det var interessant å besøke museet.